Ski de Randonnée nordique

Vi tilbyr personlege opplevingar i fri natur. Vi syr saman komplette tur- og kursopplegg for alle nivå. Vi er lokalkjende i Vossafjella, og veit kor vi finn terreng og turar som passar til den einskilde gruppa. Vårt rike tilbod av turar og kurs kan enkelt tilpassast ulike grupper sine ønsker og ferdigheiter. Nedanfor finn du nokre døme.

Meir informasjon om vårt etablerte tilbod av turar og kurs:

 

Toppturar med guide

Trugeturar i vinterskogen

Fjellskitur for alle

Dagskurs i friluftsliv

Dagskurs skred

Korleis gjer me det?

Når du kontaktar oss, ber vi om ein samtale der vi finn ut av kva dykkar behov er. Basert på informasjonen utarbeider vi eit uforpliktande tilbod med prisestimat. Vi tek utgangspunkt i vår etablerte portefølje av produkt (sjå over), og skreddersyr eit opplegg. Eit typisk dagsprogram vil innehalde tidsplan, utstyrsliste, ruteskildring, krav til påkledning, og eventuelle læringsmål. Vi hjelper gjerne til med å organisere transport, måltid og overnatting. Vi har gode kontaktar i reiselivet på Voss. 

Vår kompetanse - din tryggleik

Våre vegleiarar og guidar er lokalkjende og har dokumentert kompetanse. Vi støtter oss til bransjen sine normer for gruppestorleik, val av terreng, metoder og tryggleikstiltak. Våre turar og kurs er risikovurderte i tråd med gjeldande lovverk. Alle vurderingar knytt til gruppa sin tryggleik skjer i åpne prosessar der gruppa får ta del. På den måten sikrar vi at alle er informert i alle faser av turen. Vi kallar det "transparent guiding".

Sjå gjerne nokre døme på tilbakemeldingar vi har fått frå deltakarar på våre kurs og turar.

Våre gjeldande kjøps- og avtalevilkår finn du her

Våre smitteverntiltak under Covid-19

Deltakarar på alle våre turar og kurs må: 

  1. Føle seg friske og vere utan symptom på forkjølelse eller luftvegsinfeksjon.

  2. Ikkje vere omfatta av gjeldande karantenereglar.

  3. Oppretthalde god handhygiene undervegs.

  4. Halde minst 1 meter avstand til andre deltakarar.

  5. Som hovudregel sjølv ta hand om transport til og frå kurset.

Her kan du lese vår oppdaterte risikoanalyse for smittevern og Covid-19.

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål eller vil du ha eit tilbod, send epost til Øystein i Wild Voss: post@wildvoss.no eller ring på 93484041 .  

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon
  • White YouTube Icon

Wild Voss AS |  post@wildvoss.no | +47 93484041  | Org nr 916 006 500 

Dokumentasjon og vilkår